Tysdag var det endeleg gutar 10 år sin tur å spele sin fyrste seriekamp nokon gong.
Gurskøy gjesta Jomsvoll, og kampen blei spelt fem mot fem, men til vanleg skal gutane spele sju mot sju. Deira neste kamp er i Vanylven som vert den lengste reisa for ditte laget.
I morgon, torsdag 2. mai er det jenter 10 år sin tur å spele sin fyrste seriekamp, då dei gjestar Volda.