I den ekstraordinære situasjonen vi no er i, skal ingen samlingar av folk opphalde seg på Jomsvoll, eller på skulen eller leikeplassen – heller ikkje andre stadar. Det er viktig at alle er sitt ansvar bevisst.
Men leik med ballen heilt aleine er noko av det beste, og det er tillate.
Leik med ballen i stova, i kjellaren, og helst ute i hagen!
Norges Fotballforbund har ei ordning som oppmodar til eigentrening, som heiter Minimerke og teknikkmerke. Det er øvelsar som gjenspeilar alsidighet og viktige ferdigheter i kampen. Spelarane mottek diplom og pin i den valøren spelaren gjer seg fortjent til. Der er ulike krav for fargen raud, blå, bronse, sølv og gull.
Til hausten tek vi ei helg der alle får gjennomføre øvelsane og får utdelt pin og diplom. Denne perioda med Corona-smitte er då ei fin anledning til å øve på disse ferdigheitene.