Hjørungavåg IL står som arrangør av den tredje miniturneringa for sesongen for gutar 9 år og jenter 8 og 9 år i området vårt.
Heile 26 lag, inkludert Hjørungavåg, skal spele fotballkampar fordelt på fire banar på Jomsvoll. Morroa startar kl. 10.00 og held fram til rundt kl. 15.00.
Det vert kiosk, masse folk, mål og underhaldane fotball, og godt ver! Det er heilt gratis men me håpar du vil nyta noko godt og gjerne sunt frå kiosken saman med dei andre og fotballkampane.
Lat bilen stå att heime, men ta sykkelen eller beina fatt og kom fram/ned/bort/opp på Jomsvoll og støtt dei unge som skal kosa seg og ha det morro. Det gjeld både spelarar, dommarar og trenarar!
Det er mangel på parkeringsplassar så desse nesten må vere forbeholdt tilreisande lag, og difor er oppmodinga om å lata bilen stå heime ekstra sterk!