Måndag kveld gjekk sola ned bak Melshornet og flomlysa vart skrudd på i det himmelen blei svart. På kunstgrasbana, omringa av mykje publikum, spelte Hjørungavåg mot Vanylven i ein kamp som svinga att og fram. Hjørungavåg åpna best og leda tidleg både 2-0, 4-1 og 6-3. Vanylven kjempa seg tilbake og leda 7-8 i når det var ti minutt igjen på klokka. Sluttminutta var hektiske og inneheldt gule kort til begge lag, straffebom av heimelaget, og ein snuoperasjon som sikra Hjørungavåg sigeren 9-8.
Publikum skal ha ein stor takk, og æra for ramma rundt kampen. I fleire kampar har publikummet laga ei spesiell stemning på heimebane, som spelarane verkeleg merkar!
Neste kamp for Hjørungavåg er lokaloppgjeret mot Hareid 2 fyrstkomande torsdag kl. 20.00 på Hareidmyrane. Medan neste heimekamp er tysdag 24. september mot Tjørvåg. I mellomtida skal Hjørungavåg også møte Bergsøy 4 i Fosnavågen.