Torsdag 16. juli startar vi opp med fyrste sommartrening på Jomsvoll.
Det er åpent til å delta for alle spelarar i klubben, frå 6 til 13 år. Treningane vert mest sannsynleg mandagar og torsdagar kl 17.30 til 19.00 på Jomsvoll.
Dei som vil delta må gje beskjed til sin trenar, slik vi for kvar gong er oppdaterte på kor monge spelarar det blir, og at vi ut fra det kan planlegge aktivitet og gjennomføring etter koronavettreglane.
Det er eit tilbod til alle som ynskjer fotballtreningar i sommar.